torsdag 11. oktober 2007

LILLEBØ PÅ Sylte:)





Mi fagre heimbygd og barndoms fjord.... Det er godt å vere her. Gå tur på gamleveien, sjå utover fjorden heilt til Stadt. Lære ungane å bli glad i kattar og sauer...( Filip Natanael er heilt betatt av sauene nedom vegen...bæ...)Slappe av og bli oppvarta. Herlig med ferie. Og flott med gode foreldre og besteforeldre som vi kan besøke.. Bileter av vakre Lillebø og utsikten kjem her. Nyt!! Her er utsikt frå huset og til huset, bilete av gamlehuset, vinterstemning ved barndomsheimen og tre i blomstring. Ja, er ikkje det flott vel? Min kjære pappa har teke bileta:) Anne Birgitte

torsdag 4. oktober 2007

Jippi, ferie!!

Jada, vi lærarar har det godt. Ferie både sommar, haust og vinter. Og jul:)
Og no er det haustferien. Kjem ofte litt tidleg, men samtidig er den vanvittig god. Ein er så innstilt på å få litt pause frå rettingar, planar og utfordrande elevar at ein kunne ikkje klart ein dag til. Slik er eg.
Og no har eg FERIE. Eg skal heim. Heim til Sylte. Til mamma og pappa. Og gutane mine blir med. Der skal vi KOSE oss i ei heil veke. Og eg gler meg vanvittig:)
Ha ei god veke du òg...

laurdag 15. september 2007

Ja, eg veit....


Det er altfor lenge sidan eg har oppdatert bloggen. Over ein månad ----det er for lenge. Og på den tida har mykje skjedd faktisk. Eg har byrja som lærar i 7.klasse, utfordrande og gildt, Filip Natanael er i barnehage - trøtt og glad når han kjem heim, Benjamin er i 2.klasse - synes han er blitt veldig god i løkkjeskrift, og Terje klarer jobben sin - noko som nesten er for godt til å tru etter nedturen med ME i sommar. Vi har det godt. Er heldige, synes vi. Og likevel - det er litt travelt. Eg vil helst ikkje seie det, for synes det er så dumt å gå rundt og sei sånt, vi velger det jo forsåvidt sjølv. Men! Eg vil gjerne ha tid til eit ettermiddagsbesøk, til ein svipptur hit og dit, til å ta ein telefon eller lese ei god bok. Og så går berre dagane.
Ja, eg veit. Alle har det sånn. Sånn er livet. Så er det berre å prøve å gripe dagen som gjentatt til det kjedsommelige på denne bloggen. Lykke til:)

laurdag 11. august 2007

GRATULERER MED DAGEN!

Eg sat i telefonen igår med ei venninne. Terje ropte at eg måtte gratulere henne med dagen, og eg blei nesten irritert, for visste at ho ikkje hadde bursdag igår. Då sa min vise mann at Trygve Bjerkreim visstnok brukte å gratulere alle med dagen. Så flott !!
"Hver dag er en sjelden gave, en skinnende mulighet.
Hver dag er på ny en nåde som stiger fra Himlen ned.."

Så la oss gratulere kvarandre med dagen. Ein heilt ny dag med nye muligheter til å vere gode med kvarandre, hjelpe kvarandre, "sjå" kvarandre! "Carpe diem" - grip dagen og bruk den rett! Lat oss leve idag, og ikkje langt fram i framtida. Ein seier så fint at ein må ta ein dag i gongen, det har eg tenkt mykje på i det siste når Terje har vore litt sjukare av ME igjen. Det er godt å kunne tenke sånn om ein greier det. Og det er jo berre idag vi har egentlig.
Gårsdagen er forbi, morgondagen har ingen sett, IDAG hjelper Herren.
OG vi har ein som har sagt at vi ikkje skal bekymre oss for morgondagen.
Vi har fått denne dagen,
"la oss bruke den rett og forvalte den slik at det merkes vi er tent av din ild!"

Ha ein VELSIGNA dag!

torsdag 12. juli 2007

Sommarferie!

Det var det med veret. Sol og fint ver, bading og soling, is og lette klede. ..
Er det nødvendig for å ha ein fin sommarferie??
Nei, ikkje nødvendigvis..
Vi har vore på Sørlandssommer utan særleg sommar. Den kom den dagen vi reiste vidare. Men vi hadde det strålande på Sørlandssommer uansett.
Gode møter, god mat, god seng, godt lag, god gymsal og datarom, aktivitetar og kiosksal, bytur og soving-----vi slappa av og kosa oss alle fire.
Sjølvom veret ikkje var det beste.
Så; det går an å ha fin sommarferie utan mykje sol.
"....det handler om hvordan man tar det..."
Og dessuten er det godt for pollenallergikarar at det kjem litt regn av og til.

God sommar vidare!!!:)

fredag 29. juni 2007

Dette er det mest fantastiske eg har sett på lenge! Kos deg!!

http://www.youtube.com/watch?v=1k08yxu57NA


(kopier inn i nettlesaren)

Sommarferie!!





Det er godt. Med ferie...
Eg har jo jobba i neste 6 veker, så det var jammen på tide. Men det er jo nok å gjere uansett. Male hus foreksempel. Og luke ugras i jordbæra så snørret renn og augene klør...Pollenallergi. Gløymer kvart år kor fælt det er...
Men altså - kjekt med sommar likevel. Og godt med regn av og til. Vi prøver alt vi kan å få hagen brukar vennleg for oss utan grøne fingrar, men det vil vel ta ei tid..
Jojo. Her legg eg ved eit flott bilete av den eldste guten vår - på hyttetur i Sirdal i november. Vi såg iallefall litt snø denne vinteren..:)Rekkefølga på bileta er quiz...(Fotograf Asle Haukland)
Kos dåkke i sommaren!- og tenk så heldige vi har som har årstider - så fine på kvar sin måte!!

tysdag 29. mai 2007

Gud vår far...

Her er ein fantastisk invitasjon frå han som er Far og som gjerne vil vere din Far!

http://misjonshuset.com/mambots/content/mgmediabot/players.php?params=standalone,true|type,flv|path,http://misjonshuset.com/images/stories/lyd-video/muf/MUF2007-02-03Filmklipp.flv|width,576|height,432

(kopier og lim inn i nettlesaren..)


Ta deg tid til denne helsinga som vi fekk frå syster og svoger i Frankrike. Gode ord - og alt står i Skrifta:)

søndag 27. mai 2007

Livet går fort...høyrt den før??


Ja, eg veit det. Har hatt det godt det siste året. Berre det å sleppe å planlegge kvar dag og å liksom kunne gjere det eg har lyst til har vore fantastisk:)
No er altså alvoret igang, og fruen i huset skal opp og ut og vere i aksjon frå tidleg morgon til sein ettermiddag. SKal helst både vere godt forberedt og ha mykje energi og overskudd til undervisning og "oppdragelse..". Trur faktisk at det er litt godt det snart er ferie likevel. For det er travelt!!! Veit eg har det godt no òg - går frå huset utan å kle på andre enn meg sjølv og kjem heim til middag kvar dag. SLik sett ein ypperleg overgang når mannen steller heime. Og jada, kjekt å begynne igjen - kjekt å få same ungane, kjekt å vere med kollegaene - og eg har ein god jobb. Ikkje det. Men året har gått så fort! Filip Natanael var nettopp nyfødt. Føler eg. Og eg var nettopp 20 for den saks skyld..
Idag har vi faktisk budd i huset vårt eitt år...livet går fort. Og eg kjem tilbake til mottoet mitt her - -----lev kvar dag. Prøver...men det går litt fort;)

tysdag 15. mai 2007

I jobb!

Ja, så var det slutt på "herligheten". Eg i jobb - og Terje får vere heime med skjønne vennen...
Jaja. Ikkje verst å kunne gå frå huset utan å kle på alle og mate alle, og kome heim til middag etter endt arbeidsdag?? Trur faktisk ikkje det var så verst for dei to andre heller - sjølvom Filip Natanael heldigvis var veldig glad for å sjå meg då eg kom heim...
Det gjekk bra på skulen òg. Ein mjuk start idag - og det var akkurat som eg berre hadde vore vekke ei vekes tid då eg kom på arbeidsrommet. Der stod permane mine og venta på meg - og plassen eg hadde før eg gjekk ut i permisjon. Same klassen - og der såg eg at tida hadde gått. Store elevar, ungdomar nærmast - med sminke og klesstil litt over sin alder. Men det er ein annan historie. Dei var glade for å sjå meg og eg var jammen ganske glad for å vere tilbake òg. Trur dette kan bli ganske greit faktisk:)

torsdag 3. mai 2007

35 år!


Eg har blitt 35 år! Det høyrest gammalt ut...men eg føler det jo ikkje slik!?!!!
Lurer på om det ikkje alltid er slik. At ein ikkje føler seg alderen sin? Har ledd litt av gamle damer som seier dei kjenner seg så unge----men no har eg blitt ei av dei:)
Og dagen gjekk altså ikkje forbi i stillhet slik mange andre på Jæren ville gjort. Eg skulle ønske alle ville gratulere meg, sette det opp i avisene - og gje meg masse bursdagsklemmar!
Eg har alltid feira bursdagen min, og det kjem eg nok til å fortsette med! Ikkje berre fordi det er kjekt å få oppmerksomhet - for dèt òg likar faktisk eg - men fordi det er så kjekt å ha folk! Eg hadde likegodt to jenteselskap (- ikkje dameselskap; det høyres så gammalt ut;) - så blei det ikkje så mange kvar gong. Og meir ro til å snakke og sånt. Trur det var kjekt for alle, og eg fekk mange kjekke ting. Det er jo bonus då - når ein har selskap. Trur elles eg skal dele ein oppskrift med dykk - den slo veldig godt an - og var jo så enkel! Navnet er laga for anledningen;

Kyllingform a la Anne Birgitte
6 kyllingfilet el. grilla kylling i bitar
4 rød løk (ikkje veldig store)
2 boks mais
2 crème fraiche
1 glass tacosaus (hot/medium)

Set forma i ovnen 15 minutt, legg på ost og ha inni 15 minutt til – på 200 grader.
Ha tacochips oppå når du serverer!
Voilà – bon apetitt!!

onsdag 25. april 2007

Kor heldig eg er som får gå på møte...


Fytti, det er travelt. Å gå på møter kvar dag;)
Synes eg. Og egentlig er eg jo berre heldig. Tenk, dei som bur i land der dei blir forfølgte fordi dei trur på Jesus..Og her kan eg gå på jubileumsmøter, bibelgrupper, basar etc etc heile veka...
Eg tenkjer at det er travelt, men egentlig er det jo berre kjekt. Eg får. --åndelig mat og anna mat - og til og med vinn på basar. Og så kan eg finne på å klage. Fordi eg har så mykje å gjere... Nei, eg må lære meg å bli meir takknemlig for alt eg får vere med på.
Her er eit bilete frå forsongarane på NLM sin jubileumsfest på Varhaug i helga.
Gå til Rogaland krets og Varhaug misjonslag..

torsdag 12. april 2007

Bikini

Det nærmar seg ubønnhørlig vår og sommar. Kvite leggar og lår må bli kvitt litt hår- og blir stilt til skue for alle og einkvar. Eller kven er det som eigentleg gidd å studere andre så nøye? Kvifor er det så utrulig pyton å skulle handle bikini?
Kanskje har eg ein merkelig idè om at den skal vere slankande - eller at eg plutselig skal bli kjempebrun og lekker i det trange prøverommet? Med neonlys kan jo alle lår bli bleikblå...:)
Prøver vel å seie både til meg sjølv og andre at vi ikkje må bli så opphengt i korleis vi ser ut - kan ikkje gøyme meg inne sjølvom eg ikkje ser ut som J-Lo...
Nyt livet og sommaren sjølvom ein ikkje er sylfide....DET er målet iår! Og ja, eg må nok ut èin gong til og prøve bikini!!!

måndag 9. april 2007

Påske i eit nøtteskal

SMS - kjærkomne små meldingar, så kjekt når det står "1 ny melding mottatt". Ikkje alltid like spennande og kjekt når ein let opp kanskje, men lurer av og til på kva vi gjorde før vi fekk mobil? Ikkje mange år sidan eg sa eg aldri skulle ha. Men no er eg avhengig...eller - må iallefall opne den av og til. Eg vil sitere ei melding eg fekk igår. Av den viktige sorten:


"Jesus kom

for å betale en gjeld han ikke skyldte

fordi jeg skyldte en gjeld jeg ikke kunne betale"


Det er kjærleik det!

Uforbeholden og stor. Nok til alle - nok til deg!

Og sjølvom påska no er over, er budskapet aktuelt alltid og i alle slags tider. Vegen oppad er fri!

Og då vil eg berre avslutte med : HALLELUJA!

onsdag 4. april 2007

Vener!

Så heldige vi er. Heldige som har gode vener som kjem på besøk. Som vi kan snakke med om det meste, som vi slappar av med - malar påskeegg og snakkar om "gamle dagar" i Etiopia og utfordringar i barneoppdragelse.
Så kjekt det er når Benjamin gler seg heile dagen til Knut Roar skal kome på besøk. Og så heldige dei er som har det så kjekt ilag!
Så heldige vi er som har eit godt hus å vere i når vèret ikkje blei så bra at vi kunne vere så mykje ute. Mat og drikke, hus og heim, vener og familie. Vi er heldige, men vi tek det ofte for gitt. Gud, hjelp meg å vere takknemmelig!

søndag 1. april 2007

Hagearbeid


Har aldri likt det. Aldri forstått folk som synes det er så fantastisk å arbeide i hagen, luke og rake og klippe og røske opp ugras. Æsj. Unyttig, det kjem jo berre oppatt?? Har eg tenkt. No veit eg ikkje heilt. Plutselig har vi stor hage med mykje rot. Eigen hage som vi gjerne skulle sett var ryddig og fin med buskar og fine blomar (iallefall litt) og STOR plen til å boltre seg på.
Synet har kanskje endra seg litt. Det er litt kjekt med hage. Iallefall å ha hage. Og så gler vi oss til den blir fin!! Arbeidet har starta med å få vekk all plast under barken på halve hagen. Der skal vi så gras. Diverse stauder og løkar er planta ut i nokre få! bed rundt omkring. Ser at det kan bli bra, er takknemlige for stor plass i desse tider då tomtene er på knapt 400 kvadrat. ..men uansett: Eg er nok framleis meir resultatorientert enn prosessorientert i dette. Bilete kjem snart, så får vi legge ut "etter"-bilete når vi er ferdige. Det er iallefall fantastisk med vår og å sjå det ting veks og blomstrar!

fredag 30. mars 2007

Søte små!




Her skal det bli bilete av mine kjære gutar...
Dette er Filip Natanael snart 10 månader. Og så er det Benjamin Johannes som er 6 år og stolt storebror. Helsing den stolte hønemor!

Ny blogg!

Kva kan vi kalle det? Rotehaud? Ammetåke? ...Iallefall - eg har ikkje sjanse å kome på kva passord eg laga på den forrige bloggen min, så her lagar eg ein ny. Vi får sjå kor mange innlegg det blir etterkvart...har eindel i min familie som lagar fantastiske bloggar, så eg har litt å ta igjen..Vel, dette er iallefall eit nytt forsøk.
God fornøyelse:)