torsdag 12. april 2007

Bikini

Det nærmar seg ubønnhørlig vår og sommar. Kvite leggar og lår må bli kvitt litt hår- og blir stilt til skue for alle og einkvar. Eller kven er det som eigentleg gidd å studere andre så nøye? Kvifor er det så utrulig pyton å skulle handle bikini?
Kanskje har eg ein merkelig idè om at den skal vere slankande - eller at eg plutselig skal bli kjempebrun og lekker i det trange prøverommet? Med neonlys kan jo alle lår bli bleikblå...:)
Prøver vel å seie både til meg sjølv og andre at vi ikkje må bli så opphengt i korleis vi ser ut - kan ikkje gøyme meg inne sjølvom eg ikkje ser ut som J-Lo...
Nyt livet og sommaren sjølvom ein ikkje er sylfide....DET er målet iår! Og ja, eg må nok ut èin gong til og prøve bikini!!!

2 kommentarer:

Anonym sa...

hmm. kloke ord søster...
Det er det verste eg og prøver... Her ein dag skulle eg prøve badedrakt - magen min fann ikkje plass i nokon... tullete små franskmenn..

Anonym sa...

Hipp hurra for kurver, myke mager og nydelig porselenshvit forsommerhud! Stå på!