fredag 19. desember 2008

Snart jul!!


Det er snart jul igjen. Til minne om då Gud blei menneske for å redde oss. Kvar blir bodskapen av i søndagsåpne butikkar og gavehysteri trass finanskrise? Mitt ynskje er at eg kan få tid til litt ettertanke no dei siste dagane før jul - og i julehelga - til å tenkje over det fantastiske i at Kongenes Konge kom til jord og blei min bror. Fantastisk.
Ha ei velsigna julehøgtid alle saman!!

søndag 7. desember 2008

Long time, no see


Ja, eg reknar med de er nyfikne no... Heile 8 mnd etter sist innlegg. Dette må berre bli bra:) Ja, eg har vel funne ut at eg har ikkje så mykje interessant å skrive om i ein blogg. Ikkje er eg på misjonsmarka og ikkje driv eg med så mykje spanande. Kven er det som gidd å lese om mitt husmorliv liksom? Ja, for eg er jo litt det igjen no då. Antallet i familien har gått opp med eit hokjønn sidan sist eg skreiv. Vakre Noomi Salome! Namnet tyder vakker, mild og velkommen, fred og passar veldig godt på henne. Litt av ei gåve vi har fått i heimen. Og plutselig var det fullt i vår familie. Alltid nokon som må ha oppmerksomhet på eine eller andre måten. Men det er fint. Vi har det godt - tenk så heldige vi er!! Filip Natanael og Benjamin Johannes er stolte og berre bittelitt sjalu storebrødre.
Filip Natanael klarer seg forresten godt med både gåing og anna utvikling. Det er vi glade for. Han er to og eit halvt no og bablar i veg om alt mogleg. Benjamin Johannes er klok og ertete storebror - men veldig flink å hjelpe når det trengs..