torsdag 1. juli 2010

Sommar!!




Endeleg kom sommaren til Varhaug - og terassen! Måtte berre ordne litt ekstra no når fineveret kom. Vi har fått gjort ganske mykje i hagen, manglar berre litt ekstra svart jord under bærbuskane og få vekk skrotet så ser alt så meget bedre ut. Men vi nyt den store hagen - og terassen! Det er godt med ferie frå barnehagen òg - Noomi nyt å vere heime i hagen og springe naken rundt på trampolinen:) Ein liten nudist??
Vi har vore ein liten tur til Danmark forrige veke - veldig kjekt for både store og små. Eit høgdepunkt var å sjå isbjørn i Aalborg Zoo. Utrulig fascinerande:)


Ynskjer dykk ein god sommar så lenge:)

fredag 7. mai 2010

Vår......

Neida, jula varer ikkje til påske - og eg er altfor lite flink til å skrive innlegg her... Men faktisk tenkjer eg at eg ikkje har så mykje spennande å fortelje. Eller..?Skal ikkje skrive for mykje heller - for har fått tennisalbue utan å spele tennis.. hm. Kva skjer? Hekken er borte og alle ser rett inn på tomta vår når dei køyrer saaaakte opp mot prestekrysset der dei legg asfalt. Føler oss beglodd, men det varer forhåpentlig ikkje så lenge før støygjerdet kjem opp. Då kan vi "gøyme" oss litt igjen... Velkommen innom i vår store hage med fotballbane og leikestativ:)Snart skal eg å hjelp av kjære Anna til å kjøpe fine klatreplantar etc som kan gjere hagen vår til ei lettstelt oase. Blir herlig!
Ellers??
Eg trives framleis i jobben og med familien min - og gler meg til eg klarer å setje av litt meir tid til maling og sying - og kanskje litt bilde-inn-liming..i album.
Våren går fort - no er det snart tid for eit par konfirmasjoner til tantebarn med ein leirskule med verdas beste 6.klasse innimellom. Har lært av ein vis fotsoneterapeut idag at det er lurt å stoppe når ein bør og ikkje når ein må... Sagt i ein litt annan samanheng, men no stoppar eg:)
God vår til alle!!

fredag 4. desember 2009

Juleglede

Det nærmar seg. Med stormskritt. Bakt kaker? Nei, kjøpt på julemessa.. Pynta? Ja, litt - med alle dei fine englane mine som eg er så glad i. Kjekt når dei kan stå framme ei stund. Ferdig med gavene? Ja, nesten faktisk. Men ikkje til dei vanskeligaste som Terje t.d. Kva kjøper ein til ein 38-åring som aldri "treng noko"... Hm. Men juleglede vil eg prøve å ha - både no i adventstida og i sjølve jula. Glede over Han som kom.
Så får eg heller prøve å ikkje bli stressa av alle rundt meg og alt som sikkert burde vore gjort til jul. For alt stresset er vel egentlig ikkje verdt det?

laurdag 21. november 2009

Oppdatering



Ja, det er ikkje ofte det blir oppdatering her. Har eg noko å skrive om? Kan jo fortelje at eg har ein fantastisk mann, gilde barn og eit godt liv på alle måtar, men er det så spennande då? Nei, kanskje ikkje - men iallefall herlig. Eller eg kan skrive at eg trives kjempegodt på jobb med kjekke kollegaer og ungar - og at Noomi Salome faktisk smiler når vi går inn døra i barnehagen. Spennande? Nei, men godt iallefall. Så kan eg skrive at livet er travelt - som for dei fleste - med hektiske morgonar som lett blir litt "sure" for alle... I ein kvardagsblogg - eller "halvtårsblogg" som det jo har blitt er det vel greit å skrive slikt. Korleis eg har det akkurat her og no - og legge inn bilde av ei fin samling folk. Familien min!
Elles har eg hekla, malt og sydd litt til julemessa som vi hadde forrige helg. Det meste gjekk unna - og vi fekk inn 317000 til misjonen. ikkje verst.

måndag 25. mai 2009

Det er vår!

Og med våren kjem visst allergi... Det er utrulig irriterande å gle seg til vår og sommar berre for å oppdage at egentlig er det best når det regnar.....) Heldigvis finns det medisin. Deilig er det jo med litt varme - og med alle blomane som sprett fram. Akkurat i bedet mitt synes eg dei sprett litt fort fram - klarer ikkje luke unna....likar betre krukker med lettstelte blomar.
Idag har eg sydd forheng på kjøkkenet for å skjule skrivar, papir og diverse. Ganske fornøgd med det. Elles har eg blitt oppfordra til å legge ut bildet av prinsessa mi i sydde kle.

tysdag 7. april 2009

HUSFLID...


Ja, kven skulle tru det? At EG skulle sy klede?? Fekk symaskin til jul for eg blei så gira på å sy då eg var på kvinneweekend på holmavatn og sydde toalettveske.. Det har blitt ein to-tre av dei - og no har eg altså sydd til Noomi. Etter kyndig vegleiing frå Inga Åsland som kan dette ser de altså resultatet her. Ikkje så verst??:) Ikkje lurt å "gå i sømmane" kanskje - men det er jo første gong. Øvelse gjer meister seies det - så eg skal prøve igjen! Men altså - det tek lang tid å sy. Heilt ufattelig at klede kan vere så billege. ---men så får dei jo luselønn dei som syr òg då.. Så fekk vi litt alvor inn i dette.. Men altså: Eg gler meg til å kle prinsessa mi i dette!!

tysdag 31. mars 2009

Livet er herlig!

Tida - og livet går fort - Noomi Salome er allereie blitt 6 mnd. Ho er stor og skjønn og smilande og sjarmerande. Og vil helst ete alt papir ho ser... Likar å fylgje med på alt og alle, så amming må helst skje i eit mørkt og stilt rom..
Herlig tid som eg berre har lyst å stoppe av og til.
Same med Filip som snart blir tre!! Han er ein god og skjønn gut - som seier mykje rart. Som her ein dag då han skulle pynte faren på håret. Brukte børsten fleire gongar og tilslutt sa han - " nei, du er ikkje tøff - du er far..."
Benjamin er òg ein flott gut som gjev faren vanskelige spørsmål om bl.a Edens Hage: " men, du far - hadde det egentlig vore plass til 6,5 mrd i den hagen? Eg synes egentlig det er greit her, eg. Og dessuten - koffor skapte Gud det treet?"

Livet er herlig, dere!