torsdag 3. mai 2007

35 år!


Eg har blitt 35 år! Det høyrest gammalt ut...men eg føler det jo ikkje slik!?!!!
Lurer på om det ikkje alltid er slik. At ein ikkje føler seg alderen sin? Har ledd litt av gamle damer som seier dei kjenner seg så unge----men no har eg blitt ei av dei:)
Og dagen gjekk altså ikkje forbi i stillhet slik mange andre på Jæren ville gjort. Eg skulle ønske alle ville gratulere meg, sette det opp i avisene - og gje meg masse bursdagsklemmar!
Eg har alltid feira bursdagen min, og det kjem eg nok til å fortsette med! Ikkje berre fordi det er kjekt å få oppmerksomhet - for dèt òg likar faktisk eg - men fordi det er så kjekt å ha folk! Eg hadde likegodt to jenteselskap (- ikkje dameselskap; det høyres så gammalt ut;) - så blei det ikkje så mange kvar gong. Og meir ro til å snakke og sånt. Trur det var kjekt for alle, og eg fekk mange kjekke ting. Det er jo bonus då - når ein har selskap. Trur elles eg skal dele ein oppskrift med dykk - den slo veldig godt an - og var jo så enkel! Navnet er laga for anledningen;

Kyllingform a la Anne Birgitte
6 kyllingfilet el. grilla kylling i bitar
4 rød løk (ikkje veldig store)
2 boks mais
2 crème fraiche
1 glass tacosaus (hot/medium)

Set forma i ovnen 15 minutt, legg på ost og ha inni 15 minutt til – på 200 grader.
Ha tacochips oppå når du serverer!
Voilà – bon apetitt!!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ja feire bursdag er noko du har vet på søster. Kjekt det, og greit å tenke på at uansett kor gammale eg blir så er du året eldre, hehe.

Kjekt du hadde ein flotte dag. Du vil vel feire meir når du kjem oppover her også tenkjer eg.....? :-)

Anonym sa...

Gratulere m overstått og takk for sist! Va så kjekt å være på besøk!! =)=) ej e sjuke så va heime fra jobb i dag (mandag) og i morga.. kunne egentlig vært litt lengre da men. He fått gjort litt sjøl om sjuke, sendt visum søknad til Ghana å slik ;) gla i dej systå!! Takk for at du e så kjekke!!!! klem Astrid

Anonym sa...

Takk for et flott bursdagsselskap!
Herlig mat, kjekk underholdning og koselig "drøs" med flotte damer:)
Gla` du e` venninna mi, Anne Birgitte! Blir litt kjedelig når jeg ikke kan stikke oppom om formiddagene lenger... Ka ska Elias å æ finn på da????? Vi får ta det igjen på ettermiddagene!