søndag 7. desember 2008

Long time, no see


Ja, eg reknar med de er nyfikne no... Heile 8 mnd etter sist innlegg. Dette må berre bli bra:) Ja, eg har vel funne ut at eg har ikkje så mykje interessant å skrive om i ein blogg. Ikkje er eg på misjonsmarka og ikkje driv eg med så mykje spanande. Kven er det som gidd å lese om mitt husmorliv liksom? Ja, for eg er jo litt det igjen no då. Antallet i familien har gått opp med eit hokjønn sidan sist eg skreiv. Vakre Noomi Salome! Namnet tyder vakker, mild og velkommen, fred og passar veldig godt på henne. Litt av ei gåve vi har fått i heimen. Og plutselig var det fullt i vår familie. Alltid nokon som må ha oppmerksomhet på eine eller andre måten. Men det er fint. Vi har det godt - tenk så heldige vi er!! Filip Natanael og Benjamin Johannes er stolte og berre bittelitt sjalu storebrødre.
Filip Natanael klarer seg forresten godt med både gåing og anna utvikling. Det er vi glade for. Han er to og eit halvt no og bablar i veg om alt mogleg. Benjamin Johannes er klok og ertete storebror - men veldig flink å hjelpe når det trengs..

3 kommentarer:

Anonym sa...

e såå glade i dåkke =)=)

-Astrid

Anonym sa...

Ja, her har det vore så lite liv at eg har ikkje gidda å sjå på bloggen din ein gong!
Kjekt at det har blitt litt oppdatering! Elles les eg no facebook også...

Pappa

Anonym sa...

Herlig! Jeg synes det er spennende å følge med...synes livet ditt er kjempeinteressant, jeg;-) Så godt å høre at dere har det bra! Hvis dere er i traktene nord for Boknafjorden er dere hjertelig velkomne på besøk! Ha et godt nytt år! KLem fra Berit