søndag 27. mai 2007

Livet går fort...høyrt den før??


Ja, eg veit det. Har hatt det godt det siste året. Berre det å sleppe å planlegge kvar dag og å liksom kunne gjere det eg har lyst til har vore fantastisk:)
No er altså alvoret igang, og fruen i huset skal opp og ut og vere i aksjon frå tidleg morgon til sein ettermiddag. SKal helst både vere godt forberedt og ha mykje energi og overskudd til undervisning og "oppdragelse..". Trur faktisk at det er litt godt det snart er ferie likevel. For det er travelt!!! Veit eg har det godt no òg - går frå huset utan å kle på andre enn meg sjølv og kjem heim til middag kvar dag. SLik sett ein ypperleg overgang når mannen steller heime. Og jada, kjekt å begynne igjen - kjekt å få same ungane, kjekt å vere med kollegaene - og eg har ein god jobb. Ikkje det. Men året har gått så fort! Filip Natanael var nettopp nyfødt. Føler eg. Og eg var nettopp 20 for den saks skyld..
Idag har vi faktisk budd i huset vårt eitt år...livet går fort. Og eg kjem tilbake til mottoet mitt her - -----lev kvar dag. Prøver...men det går litt fort;)

1 kommentar:

Anonym sa...

Du veit, kjære syste, at når tida går fort, er det eit tegn på at en er gammal... :-)

Men for meg har du jo alltid vore det :-) Stoor søster...