tysdag 7. april 2009

HUSFLID...


Ja, kven skulle tru det? At EG skulle sy klede?? Fekk symaskin til jul for eg blei så gira på å sy då eg var på kvinneweekend på holmavatn og sydde toalettveske.. Det har blitt ein to-tre av dei - og no har eg altså sydd til Noomi. Etter kyndig vegleiing frå Inga Åsland som kan dette ser de altså resultatet her. Ikkje så verst??:) Ikkje lurt å "gå i sømmane" kanskje - men det er jo første gong. Øvelse gjer meister seies det - så eg skal prøve igjen! Men altså - det tek lang tid å sy. Heilt ufattelig at klede kan vere så billege. ---men så får dei jo luselønn dei som syr òg då.. Så fekk vi litt alvor inn i dette.. Men altså: Eg gler meg til å kle prinsessa mi i dette!!

tysdag 31. mars 2009

Livet er herlig!

Tida - og livet går fort - Noomi Salome er allereie blitt 6 mnd. Ho er stor og skjønn og smilande og sjarmerande. Og vil helst ete alt papir ho ser... Likar å fylgje med på alt og alle, så amming må helst skje i eit mørkt og stilt rom..
Herlig tid som eg berre har lyst å stoppe av og til.
Same med Filip som snart blir tre!! Han er ein god og skjønn gut - som seier mykje rart. Som her ein dag då han skulle pynte faren på håret. Brukte børsten fleire gongar og tilslutt sa han - " nei, du er ikkje tøff - du er far..."
Benjamin er òg ein flott gut som gjev faren vanskelige spørsmål om bl.a Edens Hage: " men, du far - hadde det egentlig vore plass til 6,5 mrd i den hagen? Eg synes egentlig det er greit her, eg. Og dessuten - koffor skapte Gud det treet?"

Livet er herlig, dere!

tysdag 6. januar 2009

13.dag jul!!


Ja, det er idag..Dei fleste på Varhaug har tatt ut jula for lenge sidan. Det er litt for fort for ein sunnmøring. Nei, veit ikkje om det er kulturforskjellane, men vi hadde av og til juletreet oppe til 20.januar... Her skal alt ut helst 2.nyttårsdag..:) Men eg har ikkje rydda ut enno. Kanskje ventar eg på 20.dagsKnut. Imorgon er det jo etiopisk jul, så vi kan no iallefall vente på det. Eller kanskje eg berre er litt lat og halvsjuk og ikkje gidd idag.. Men koselig med jul er det iallefall.Og den tida går så altfor fort.. Vi held litt lenger på julefølelsen. Her illustrert ved julekrybba frå Peru som står til pynt på peishylla..
Melkam Genna..(God jul på amharisk).

fredag 19. desember 2008

Snart jul!!


Det er snart jul igjen. Til minne om då Gud blei menneske for å redde oss. Kvar blir bodskapen av i søndagsåpne butikkar og gavehysteri trass finanskrise? Mitt ynskje er at eg kan få tid til litt ettertanke no dei siste dagane før jul - og i julehelga - til å tenkje over det fantastiske i at Kongenes Konge kom til jord og blei min bror. Fantastisk.
Ha ei velsigna julehøgtid alle saman!!

søndag 7. desember 2008

Long time, no see


Ja, eg reknar med de er nyfikne no... Heile 8 mnd etter sist innlegg. Dette må berre bli bra:) Ja, eg har vel funne ut at eg har ikkje så mykje interessant å skrive om i ein blogg. Ikkje er eg på misjonsmarka og ikkje driv eg med så mykje spanande. Kven er det som gidd å lese om mitt husmorliv liksom? Ja, for eg er jo litt det igjen no då. Antallet i familien har gått opp med eit hokjønn sidan sist eg skreiv. Vakre Noomi Salome! Namnet tyder vakker, mild og velkommen, fred og passar veldig godt på henne. Litt av ei gåve vi har fått i heimen. Og plutselig var det fullt i vår familie. Alltid nokon som må ha oppmerksomhet på eine eller andre måten. Men det er fint. Vi har det godt - tenk så heldige vi er!! Filip Natanael og Benjamin Johannes er stolte og berre bittelitt sjalu storebrødre.
Filip Natanael klarer seg forresten godt med både gåing og anna utvikling. Det er vi glade for. Han er to og eit halvt no og bablar i veg om alt mogleg. Benjamin Johannes er klok og ertete storebror - men veldig flink å hjelpe når det trengs..

laurdag 19. april 2008

Opp og gå...!!

Ja, er det ikkje slik at det er det vi har i hovudet når ungane er i rette alderene - få dei opp på føtene?? Og så brukar vi resten av barndomstida deira til å få dei til å sitje i ro? Hm. :)
Med Filip Natanael har vi vel venta ekstra lenge. Eit år faktisk. Storebroren var 10 mnd då han gjekk og så er det jo slik at det er lett å samanlikne. No har det altså skjedd - 22 mnd gammal har han endelig slept seg. Litt ustø enno sjølvsagt, men går gjerne 10-12 skritt åleine før han tek ein pause.. Så kry!! Og det er vi òg sjølvsagt!

måndag 31. mars 2008

Ja, det va no på tide....


kjem pappa til å skrive som kommentar her...jada, no skal ej blogge litt igjen..
Ganske lenge sidan sist:) Må vel legge ut litt bilder av søte små. Filip Natanael har fått diagnose og skinner sidan sist, det går ganske greit. Vi er berre spente på når han har tenkt å sleppe seg. Har heldigvis ein lett CPdiagnose. Berre i èin fot. Men eindel oppfølging og trening er det jo. Tante Astrid bur hjå oss for tida, så vi har egen "guvertante". Veldig kjekt og praktisk spes. når mannen i huset har blitt så frisk etter englandsopphold at han har vanlig revisor -jobb. Jojo.. Sånn er det.
Akkurat idag er eg sjuk. Bihuler-kvifor har ein det egentlig?? Vanvittig låkt!!
jaja, nok klaging. Ha ein god mandag alle saman!