laurdag 19. april 2008

Opp og gå...!!

Ja, er det ikkje slik at det er det vi har i hovudet når ungane er i rette alderene - få dei opp på føtene?? Og så brukar vi resten av barndomstida deira til å få dei til å sitje i ro? Hm. :)
Med Filip Natanael har vi vel venta ekstra lenge. Eit år faktisk. Storebroren var 10 mnd då han gjekk og så er det jo slik at det er lett å samanlikne. No har det altså skjedd - 22 mnd gammal har han endelig slept seg. Litt ustø enno sjølvsagt, men går gjerne 10-12 skritt åleine før han tek ein pause.. Så kry!! Og det er vi òg sjølvsagt!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Så kjekt altså! Var utrolig gøy å se det stolte ansiktet hans da han travet sine ustø skritt over gulvet! En herlig gutt:)

Anonym sa...

Kult det ja, Linea Josefine har også tenkt å gå snart, neida, men prate har ho i alle fall begynt med....


Jens

Anonym sa...

Så kjekt! Neste gong vi møtest kjem han vel springande for å ta i mot MORRF!

mORFAR

Anonym sa...

Hei, kjære! Kjekt å lese om livet ditt... Visste ikkje om minstemanns diagnose- godt å høre at det går bra.
Synes du overdriver alderen litt...e ganske sikker på at du også har blitt 36:-)!!! Klem og klem og klem...
Berit på Torvastad...