tysdag 31. mars 2009

Livet er herlig!

Tida - og livet går fort - Noomi Salome er allereie blitt 6 mnd. Ho er stor og skjønn og smilande og sjarmerande. Og vil helst ete alt papir ho ser... Likar å fylgje med på alt og alle, så amming må helst skje i eit mørkt og stilt rom..
Herlig tid som eg berre har lyst å stoppe av og til.
Same med Filip som snart blir tre!! Han er ein god og skjønn gut - som seier mykje rart. Som her ein dag då han skulle pynte faren på håret. Brukte børsten fleire gongar og tilslutt sa han - " nei, du er ikkje tøff - du er far..."
Benjamin er òg ein flott gut som gjev faren vanskelige spørsmål om bl.a Edens Hage: " men, du far - hadde det egentlig vore plass til 6,5 mrd i den hagen? Eg synes egentlig det er greit her, eg. Og dessuten - koffor skapte Gud det treet?"

Livet er herlig, dere!

2 kommentarer:

Kaisa Ruth sa...

"men, du far - hadde det egentlig vore plass til 6,5 mrd i den hagen?"

mrd?

Ja, born er herlege :) Sjølv går eg rundt med ein STOR mage og det er rart at det er berre litt over ein månad att til termin... Spennande!

Klem, Kaisa Ruth

mor Monsen sa...

Kjekt med oppdatering:-) Tror jeg må ta meg en tur og se disse skjønne ungene! Ellers så er dere velkommen hit også;-) KLEM- Berit