laurdag 21. november 2009

Oppdatering



Ja, det er ikkje ofte det blir oppdatering her. Har eg noko å skrive om? Kan jo fortelje at eg har ein fantastisk mann, gilde barn og eit godt liv på alle måtar, men er det så spennande då? Nei, kanskje ikkje - men iallefall herlig. Eller eg kan skrive at eg trives kjempegodt på jobb med kjekke kollegaer og ungar - og at Noomi Salome faktisk smiler når vi går inn døra i barnehagen. Spennande? Nei, men godt iallefall. Så kan eg skrive at livet er travelt - som for dei fleste - med hektiske morgonar som lett blir litt "sure" for alle... I ein kvardagsblogg - eller "halvtårsblogg" som det jo har blitt er det vel greit å skrive slikt. Korleis eg har det akkurat her og no - og legge inn bilde av ei fin samling folk. Familien min!
Elles har eg hekla, malt og sydd litt til julemessa som vi hadde forrige helg. Det meste gjekk unna - og vi fekk inn 317000 til misjonen. ikkje verst.

måndag 25. mai 2009

Det er vår!

Og med våren kjem visst allergi... Det er utrulig irriterande å gle seg til vår og sommar berre for å oppdage at egentlig er det best når det regnar.....) Heldigvis finns det medisin. Deilig er det jo med litt varme - og med alle blomane som sprett fram. Akkurat i bedet mitt synes eg dei sprett litt fort fram - klarer ikkje luke unna....likar betre krukker med lettstelte blomar.
Idag har eg sydd forheng på kjøkkenet for å skjule skrivar, papir og diverse. Ganske fornøgd med det. Elles har eg blitt oppfordra til å legge ut bildet av prinsessa mi i sydde kle.

tysdag 7. april 2009

HUSFLID...


Ja, kven skulle tru det? At EG skulle sy klede?? Fekk symaskin til jul for eg blei så gira på å sy då eg var på kvinneweekend på holmavatn og sydde toalettveske.. Det har blitt ein to-tre av dei - og no har eg altså sydd til Noomi. Etter kyndig vegleiing frå Inga Åsland som kan dette ser de altså resultatet her. Ikkje så verst??:) Ikkje lurt å "gå i sømmane" kanskje - men det er jo første gong. Øvelse gjer meister seies det - så eg skal prøve igjen! Men altså - det tek lang tid å sy. Heilt ufattelig at klede kan vere så billege. ---men så får dei jo luselønn dei som syr òg då.. Så fekk vi litt alvor inn i dette.. Men altså: Eg gler meg til å kle prinsessa mi i dette!!

tysdag 31. mars 2009

Livet er herlig!

Tida - og livet går fort - Noomi Salome er allereie blitt 6 mnd. Ho er stor og skjønn og smilande og sjarmerande. Og vil helst ete alt papir ho ser... Likar å fylgje med på alt og alle, så amming må helst skje i eit mørkt og stilt rom..
Herlig tid som eg berre har lyst å stoppe av og til.
Same med Filip som snart blir tre!! Han er ein god og skjønn gut - som seier mykje rart. Som her ein dag då han skulle pynte faren på håret. Brukte børsten fleire gongar og tilslutt sa han - " nei, du er ikkje tøff - du er far..."
Benjamin er òg ein flott gut som gjev faren vanskelige spørsmål om bl.a Edens Hage: " men, du far - hadde det egentlig vore plass til 6,5 mrd i den hagen? Eg synes egentlig det er greit her, eg. Og dessuten - koffor skapte Gud det treet?"

Livet er herlig, dere!

tysdag 6. januar 2009

13.dag jul!!


Ja, det er idag..Dei fleste på Varhaug har tatt ut jula for lenge sidan. Det er litt for fort for ein sunnmøring. Nei, veit ikkje om det er kulturforskjellane, men vi hadde av og til juletreet oppe til 20.januar... Her skal alt ut helst 2.nyttårsdag..:) Men eg har ikkje rydda ut enno. Kanskje ventar eg på 20.dagsKnut. Imorgon er det jo etiopisk jul, så vi kan no iallefall vente på det. Eller kanskje eg berre er litt lat og halvsjuk og ikkje gidd idag.. Men koselig med jul er det iallefall.Og den tida går så altfor fort.. Vi held litt lenger på julefølelsen. Her illustrert ved julekrybba frå Peru som står til pynt på peishylla..
Melkam Genna..(God jul på amharisk).

fredag 19. desember 2008

Snart jul!!


Det er snart jul igjen. Til minne om då Gud blei menneske for å redde oss. Kvar blir bodskapen av i søndagsåpne butikkar og gavehysteri trass finanskrise? Mitt ynskje er at eg kan få tid til litt ettertanke no dei siste dagane før jul - og i julehelga - til å tenkje over det fantastiske i at Kongenes Konge kom til jord og blei min bror. Fantastisk.
Ha ei velsigna julehøgtid alle saman!!

søndag 7. desember 2008

Long time, no see


Ja, eg reknar med de er nyfikne no... Heile 8 mnd etter sist innlegg. Dette må berre bli bra:) Ja, eg har vel funne ut at eg har ikkje så mykje interessant å skrive om i ein blogg. Ikkje er eg på misjonsmarka og ikkje driv eg med så mykje spanande. Kven er det som gidd å lese om mitt husmorliv liksom? Ja, for eg er jo litt det igjen no då. Antallet i familien har gått opp med eit hokjønn sidan sist eg skreiv. Vakre Noomi Salome! Namnet tyder vakker, mild og velkommen, fred og passar veldig godt på henne. Litt av ei gåve vi har fått i heimen. Og plutselig var det fullt i vår familie. Alltid nokon som må ha oppmerksomhet på eine eller andre måten. Men det er fint. Vi har det godt - tenk så heldige vi er!! Filip Natanael og Benjamin Johannes er stolte og berre bittelitt sjalu storebrødre.
Filip Natanael klarer seg forresten godt med både gåing og anna utvikling. Det er vi glade for. Han er to og eit halvt no og bablar i veg om alt mogleg. Benjamin Johannes er klok og ertete storebror - men veldig flink å hjelpe når det trengs..